NSF ANLEGGSPRIORITERINGAR 2020 - 2026
Norges Skøyteforbund (NSF) har i innspel til ein varsla idrettsmelding frå Kultur-departementet vist til at Norges Idrettsforbund (NIF) har vedtatt ein anleggspolitikk som NSF støttar.
I NIF sin nye anleggspolitikk framgår følgjande:
- Visjon: «Idrettsglede for alle»
- Mål:
- Det skal byggast anlegg slik at all aktivitet som er ønskjeleg skal kunna gjennomførast.
- Kostnadene som idrettslaga har gjennom bruk av idrettsanlegg skal reduserast - Strategiar:
- Idretten skal væra pådrivar for bygging av idrettsanlegg og påverka utforminga
- Rammevilkår ved bygging og drift av anlegga skal betrast
- Idretten skal styrka sin kompetanse innan alle sider av anleggsutvikling (utforming, prosessar og finansiering) - Tiltak: Fleire tiltak er lista opp. For NSF er dei viktigaste:
- Det skal arbeidast for auka tilskot til idrettsanlegg over statsbudsjettet
- NIF skal samarbeida med særforbund og idrettskretsar om å utarbeida ei prioriteringsliste over større trenings- og konkurranseanlegg med «nasjonal betydning»
Det er Kulturdepartementet som avgjer innhald og storleik på Anleggspolitisk program. NIF foreslår at Anleggspolitisk program får ei ramme på 1,2 mrd. NOK over 6 år som har tre formål:
1. Større trenings- og rekrutteringsanlegg
2. Strategisk viktige anlegg for særforbund og idrettskretsar
3. Etablering/oppgradering av meisterskapsanlegg som ikkje er nasjonalanlegg
For NSF er punkt 1 og 2 relevante og NIF foreslår at for slike anlegg bør samla spelemiddeltilskot utgjera 40% av normal anleggskost.
NIF meiner at isanlegg er ein anleggstype som tilfredsstiller kriteriane 1 og 2 ovanfor. Det inneber at NSF må utarbeida ei prioriteringsliste basert på ovanståande kriteriar.
DEI STRATEGISK VIKTIGASTE SKØYTEANLEGG FOR NSF:
- 400m skøytehall Valle Hovin, Oslo: Hovudstaden i Norge treng ein 400m skøytehall for å sikra rekruttering og eit breiddeanlegg for meir enn 1 million innbyggarar.
- Rehabilitering med hall over Tromsdalen kunstisbane, Tromsø: Norge er utan kunstfrosen 400m skøyteanlegg frå Trondheim til Tromsø. Kunstisanlegget i Tromsø er i 2020 ute av drift 30 år etter etablering. Anlegget er avgjerande for skøytesport på nordkalotten.
- Tak over kunstisbana på Slåtthaug, Bergen: Den nest største byen i Norge med om lag 275000 innbyggjarar treng eit oppgradert kunstisanlegg med tak etter 30 års drift av 400meters utandørs kunstisbane. Slåtthaug idrettspark skal rehabiliterast, og hall over kunstisbana har vore på idretten sin agenda i meir enn 15 år.
- Tak over Leangen 400m kunstisbane, Trondheim: NSF har i sin anleggspolitiske målsetting å arbeida for tidsmessige konkurranseanlegg for skøyteaktivitet i nærleiken av alle storbyar over heile landet. Det er naturleg at Trondheim, som 3. største by i Norge har eit slikt anlegg, som betyr tak over den rehabiliterte 400m kunstisbana på Leangen.
ANDRE STRATEGISK VIKTIGE IS- OG SKØYTEANLEGGSPROSJEKT FOR NSF:
- Kunstisflate med 400m hurtigløpsbane, Lærdal, Vestland fylke: Det tidlegare fylket, Sogn og Fjordane, er utan kunstisanlegg. Lærdal i indre Sogn har fått gjennomført eit forprosjekt av NSF sin samarbeidspart, Norconsult. Dersom tidlegare ordning med Programsatsingsmidlar var oppretthalde også i 2019, ville dette prosjektet blitt vedtatt realisert i dag.
- Kunstisanlegg Harstad: Harstad har 400m naturisflate. I samarbeid med mellom andre ishockey blir det arbeidd med ein ishall for at idrettsrådet i byen skal prioritera kunstisanlegg i byen.
- Skøytehall i Lørenskog: Lokale styresmakter har gitt positive signal til ein skøytehall på Lørenskog med 400m hurtigløpsbane. Anlegget er prosjektert og planprosess er i godt gjenge.
- Hall over Vikane kunstisbane, Stord. Stord har ei 250m kunstisflate som idrettslaget har overtatt drifta av. Kommunen har gitt positive signal om interesse for å bygga tak over anlegget og Stord har presentert for NSF prosjektet som avventar finansieringsplan for realisering. Tilsagn om spelemiddel knytta til NIF sitt forslag om strategiske anlegg kan realisera prosjektet.
- Isflate med tak i Orkdal, Løkken Verk, Trøndelag: Eit lokalt initiativ om ishall er tatt og NSF-presidenten deltok på eit folkemøtet som markerte åpninga av initiativet til å få ishallen realisert. Takoverbygget, ikkje nødvendigvis med veggar, er påkrevd som følgje av klimamessige utfordringar og bruksnytten av anlegget. Eit enkelt takoverbygg har etter dagens reglar ikkje rett på spelemidlar, noko NSF har tatt opp i brevs form til Kulturdepartementet.
- Takoverbygg Baastad: Baastad IL har over lengre tid arbeidd med å få tak over si 400m kunstisbane. Politisk godkjenning og finansiering ser no ut til å væra på plass med byggestart etter skøytesesongen 2021 med ferdigstilling hausten 2021.