foto: privat
foto: privat

Ungdomsskoleelever lager musikkpromo på isen

Kunstløp og musikk hører sammen, og elevene, Ingrid Frøystadvåg Bøthun (15) og Ellen Louise Waage (15) ved Os Ungdomsskule (utenfor Bergen) viser dette gjennom et skoleprosjekt. De er medlemmer i Bergen Kunstløpklubbs ungdomsgruppe, der de har trent i 1 år.

I musikktimen har de laget en egenpromo, der elevene står fritt til å vise sin kompetanse i musikkfaget. BKK-løperne, som trener i Bergenshallen, var ikke i tvil om hva de ville gjøre.  -Dei fleste vel å spele instrument, eller danse, sier Bøthun og Waage. Det er fordi det er mykje det vi gjer i musikktimane. Men vi valde å flytte dansen ut på isen for å vise litt av det vi held på med, og for å gjere noko eige. Vi viste prosjektet for klassen 4. juni, og vi fekk veldig gode tilbakemeldingar frå klassen og læraren vår på prosjektet. 

Hvorfor valgte dere å lage et prosjekt i musikktimen der dere kobler musikk til kunstløp og dans på isen? 

-Vi valde å lage prosjektet på isen fordi det er kjekt å få vist kompetanse i faget på ein annan måte enn det dei fleste gjerne vel å gjere. Musikklæraren vår syntest og at det var ein veldig god ide å lage koreografi til ein dans på is. Ho var veldig hjelpsam og ordna tid i skuletida for oss til å dra til ishallen. Og dessutan kosar Ingrid og eg oss masse når vi er på isen saman, så vi tok det berre som ekstra tid til å gjere noko vi liker. 

Kunstløp er gøy og imponerende

Før vi røper hva musikkpromoen inneholder – litt om hvordan jentene synes det er å trene kunstløp.

Ingrid: Eg opplever det som veldig kjekt og lærerikt. Trenarane er kjempeflinke, og veldig greie. Dei er også unge, berre nokre få år eldre enn oss, så dei er flinke til å forklare og vise oss grundig korleis dei ulike øvingane er. I tillegg har dei god erfaring på isen og dei er flinke til å gi ros. Dei andre i ungdomsgruppa er også veldig hyggelige, og dei er inkluderande. 

 

Hvorfor begynte du å trene kunstløp?

Eg las ein artikkel om Sonja Henie i eit vekeblad, og eg syntes kunstløp såg veldig imponerande ut. Deretter begynte eg å sjå litt på kunstløp i sosiale media og gjorde litt research når det gjaldt kunstløp. Etterkvart gjekk eg inn på BKKs nettside og fann ut at dei hadde ei ungdomsgruppe, så nokre venninner og eg sende mail for å høyre om vi kunne få komme på trening og sjå korleis det var. Det var jo veldig kjekt, så vi heldt fram med det. 

Ellen : Eg synest det å trene i BKKs ungdomsgruppe er veldig gøy. Trenarane er flinke. Dei er unge og har mykje erfaring frå flere år på isen, som eg tenkjer gjer at dei forstår oss som trener godt. Dei andre vi trener med, er også veldig hyggelege og gode med kvarandre.

Hvorfor begynte du å trene kunstløp?

Eg begynte å trene kunstløp etter å ha sett på venninnene mine frå tribunen. Då hadde dei nettopp starta i ungdomsgruppa og var på trening ein måndag. Eg misunnte dei som såg ut til å kose seg masse nede på isen. Då treninga deira var over, hadde eg allereie vore inne på BKKs nettsider så eg kunne sende melding og høyre om eg kunne få vere med. Treninga etter var eg med og skøyta på isen. Eg starta fordi det såg utruleg gøy ut. 

3.7 NSF nettsak elever Os Ungdomsskule  Ellen Louise Waage og Ingrid Frøystadvåg Bøthun Bergenshallen skjermdump fra prosjektvideo promo mai  2024, foto privatIMG_0436.jpg

Showinspirasjon
Så tilbake til musikkpromoen og hvor ideen kommer fra. -Vi har laga koreografi i musikktimane, og i mykje av koreografien har vi henta inspirasjon frå juleshowet og vårshowet i Bergen Kunstløpklubb. Øvingar vi gjer på isen i prosjektet er for eksempel skreddarhopp, baklengs leggover, piruett, speil og tretallsvals. Vi har valt “Girls Just Wanna Have Fun" av Cyndi Lauper som musikk. 

Hvordan er det å lage et slikt prosjekt?

-Vi synest det har vore utruleg gøy å lage eit slikt prosjekt saman. Det er kjekt å kunne sette saman øvingane vi har lært til ein koreografi og sjå at det ser bra ut. Vi lagde all koreografien ferdig inne på eit grupperom på skulen, og så fekk vi som sagt dra ned til Bergenshallen i skuletida og gjere det på isen. 

Vi hjelper kvarandre, kjem med idear, og vi gjer kvarandre gode. Det er også noko vi har det veldig kjekt med og vi kosar oss veldig på isen. 

Favoritter?

Til slutt tar vi med at jentene øver til test tre i kunstløp. De påpeker at de får god hjelp av trenerne til å mestre det testen krever for å bestå. Kunstløpere har ofte favorittelementer på isen, og det har og skolelevene fra Os.


Ellen: Eg synest piruettar er veldig gøy så det må vere favoritten, men eg synest at det meste vi gjer på treningane, er gøy. Alt blir også kjekkare om ein får det til, så det beste er å sjå at det ein øver på blir enklare og at ein blir betre. 

Ingrid: Mi favorittøving må kanskje vere kanskje salchow eller tretall, sjølv om dei ikkje sit heilt enno. Piruettar liker eg også. Det meste vi gjer på trening, synest eg er kjekt, og det er enda gøyare når ein ser tydeleg framgang.

 

NSFs nettsak elever Os Ungdomsskule Ingrid Frøystadvåg Bøthun og Ellen Louise Waage i Bergenshallen IMG_0437.PNG

 

Lerøy Sparebanken Øst Fila Borg forvaltning Fuel of Norway Rudy Project